Vårkampanjen til Bondelaget og russekledde ungdomar er to sikre vårteikn, og i dag kunne russen få ekstra utsmykkingar til dei nye fine dressane. Sogn og Fjordane Bondelag og bondelaga i Flora vitja den vidaregåande skulen i Florø med kampanjen "Norge treng bonden", og delte ut buttons for ulike "bondetypar". -Vi veit at dei aller fleste ønskjer dei gode produkta som vi bønder produserer. Sjølv om det er mange som ikkje bur på ein gard i drift, bur det ein bonde i dei likevel, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Marianne Kvalvik Kvamme. Fleire av ungdomane bondelaget snakka med i Florø i dag, trekte fram at dei har tilknytning til landbruket på ulike måtar. Nokre hadde spørsmål og var interesserte i å diskutere korleis maten vert produsert, og i kva retning matproduksjonen bør utvikle seg.

Bybonde-buttons prydar mange av russedressane i Florø.

 

Er du nysgjerrig på korleis du kjem ut i bondetesten? Det kan du finne ut på www.bondevenn.no

 

Marianne Kvalvik Kvamme og Leidulv Beverli Stavø informerte ungdomar om kvifor Norge treng bonden.