- Eg var sjølv til Lærdal måndag på regionmøte for lokallaga i Indre Sogn.  Der snakka eg med ein av bøndene som hadde vore med på sløkkingsarbeidet natt til sundag.  Han kunne fortelje om ein stri tørn, og gav meg eit bilete av ei natt berre dei som har opplevd henne kan ha eit realistisk bilete av held Hilleren fram.

Brannen i Lærdal syner at bønder med si aktive næringsverksemd er ein viktig del av beredskapen i bygdene våre.  Traktorar med gyllevogner vart ein viktig faktor for å kunne hindre den ufattelege brannen i å verte ein endå større tragedie.

 

Sogn Avis skriv i ein artikkel om medverknaden til bøndene