LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

I dag leverte Bondelaget og Småbrukarlaget sitt krav til Staten i årets jordbruksoppgjer. Organisasjonane krev 1,92 milliardar i oppgjeret der dei mellom anna vil styrke bruken av gras-og beiteressursane i distrikta og gje meir til små og mellomstore gardsbruk. I tillegg krev bondeorganisasjonane ei ny storsatsing innan produksjon av frukt, bær og grønt. 

Kravet legg godt til rette for framtida sitt landbruk på Vestlandet, meinar fylkesleiar AndersFelde.

- Bonden i Sogn og Fjordane skapar arbeidsplassar over heile fylket. Vårt krav i jordbruksoppgjeret gjev ikkje berre ei satsing på landbruket vårt, men på fornybar verdiskaping og sysselsetting innan matindustri og reiseliv. Det er ei satsing på framtida sine arbeidsplassar som eg forventar at Regjeringa vil vere med på.

Han er særs positiv til forslaget om eit nytt vekstprogram for frukt, bær og grønt og peikar på at marknadspotensialet er stort. Samtidig understreker han at ein forutsetning må vera at vekstprogrammet kjem heile landet til gode.

- Berre 6 prosent av all frukt og bær som blir ete i Norge, vert produsert i Norge. Potensialet er skyhøgt. Vi er allereie landet sitt største bringebærfylke, og vi produserer halvparten av morellane som blir ete i Norge. Eit vekstprogram for grøntnæringa vil kunne gje store moglegheiter for oss, seier Felde.

Det føreslåtte vekstprogrammet er på 150 millionar kroner og skal gå til å auke satsing på investeringar, ny teknologi, forsking og marknadsføring. Ei samla grøntnæring herunder mellom anna BAMA, Gartnarhaller og Hoff stiller seg bak programmet, og har signert ei felles erklæring der dei forpliktar seg til å bidra gjennom fleire konkrete tiltak.

 

Vil støtte dei små og mellomstore

Jordbruket sitt krav i årets oppgjer legg også til rette for auka satsing på små og mellomstore gardsbruk. Ei klar prioritering av dei små og mellomstore mjølkebruka, samt innføring av verkemiddel som løfte inntekta til små og mellomstore ammekuproduksjonar. Det er også viktig at vi krev innføring av tak i tilskot på fleire produksjonar og stimulere til meir bruk av utmarka gjennom å styrke beitetilskotet. 

- Landbruket i vårt fylke blir er prega av små og mellomstore garder innimellom fjordar og fjell. Skal vi bruke matjorda over heile landet må det vera mogeleg å satse og investere også på slike garder, seier Felde.

Bondeorganisasjonane peikar også på behov for å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.

- Bakgrunnen for årets jordbruksoppgjer er sterk inntektsnedgang dei siste to åra og kostnadsvekst. For å sikre rekrutteringar og framleis dyktige bønder over heile landet i framtida, må skilnadane mellom jordbruket og samfunnet rundt oss reduserast, avsluttar Felde.

 

Staten leverer sitt tilbod til jordbruket 7.mai. Forhandlingane skal vera ferdige i løpet av 16.mai.