Bonden har ei viktig rolle å spele i beredskapsarbeidet

Publisert 15.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Beredskap sett ut i livet handlar om evne til å gjere praktisk arbeid i ein svært pressa situasjon. Difor er kunnskapen til bøndene viktig i beredskapsarbeidet, sa mellom anna varabrannsjef i Jølster Arve Dvergsdal i innleiinga til leiarmøtet.

Bøndene er ein ressurs på utstyr og de kan å handtere dei på ein god og trygg måte, held Dvergsdal fram.  Han kom med eit ynskje til lokallaga om å jobbe for å få fram eit register der alle maskiner og reiskaper er registrert, slik at når krise oppstår kan brannvesen og kommunal beredskap nytte denne lista.  Utfordringa er at vi ofte snakkar om dette når skade har skjedd, men so gløymer vi det.   Kven som skal ha ansvar for å organisere dette?  Kan bondelaget ta tak i dette i samarbeid med kommunane?   Kva med tankvogner vatn som kan stå oppfylt i varme garasjar, slik at dei er klar om brannen skulle oppstå i den kalde årstida?  Dette vil vere viktig i område utan rikeleg med vatn.  Sikringsradioen er også ein nøkkel.  Slå den på når akutte hendingar skjer.

Kommunesamanslåingar påverkar beredskapen

Det vil vere viktig at vi som bur i bygdene tek beredskapen på alvor i endå større grad enn det vi har gjort til denne tid.  - Vi ser at leiarstillingar i brannvesen og anna vert sentralisert, og det kan verte ei utfordring i framtida å ha folk nærme når noko skjer, hevda Dvergsdal.  Til meir ein sentraliserer leiinga for beredskapstenestene vert det viktigare med lokale kontaktpersonar.  Kven skal sitje med ansvaret for styringa når leiarresurssane er avskorne i frå å nå fram? Når ei alvorleg hending oppstår, er det avgjerande kva lokale friviljuge kan medverke med.  Det såg vi heilt tydeleg i Jølster sist sommar.  Alle friviljuge sin innsats utgjorde ein stor skilnad i det som var og framleis er ei svært alvorleg hending for folk i bygda, sa Dvergsdal.   

Arve Dvergsdal si innleiing var ein tankevekkar for heile leiarmøtet.  Dette vedkjem oss alle, næringsgrunnlaget vårt og menneska i bygdene våre.   Det handlar om å redde liv og avgrense skade.  I slike ekstreme situasjonar er det trong for å vere fleire som kan dele på belastninga. 

Deltakarane i leiarmøtet gav honnør til at beredskap var sett på dagsorden i møtet.  Varabrannsjefen i Jølster sitt innlegg skapte stort engasjement på eit alvorleg tema.  Det var ein vekkar å høyre om erfaringane og dei utfordringane som beredskapsarbeidet har.   Mange av lokallaga gav uttrykk for at dette er ei sak dei ynskjer å setje på dagsorden framover i sitt arbeid.

 

 

 

 

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

- Me jobbar for å finne løysingar

- Me jobbar for å finne løysingar

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Nettundervisning

- Det er ein spesiell situasjon

Sigbjørn Norddal er elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har elevane nettundervisning grunna koronaviruset.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Våre samarbeidspartnere