Saman med organisasjonssjef Merete Støfring møtte Hovland representantane for den interkommunale brann og redningstenesta i Sogndal, Vik og Luster.  - For meg som tillitsvald på fylkesnivå og bonde lokalt var dette eit svært kunnskapsbyggande og godt møte, held Hovland fram.  Eg trur vi saman kan byggje ein endå betre beredskap lokalt ved å ha dialog og betre kjennskap til kvarandre sine roller.   Tema i møtet var:

  • Gyllevogner og brannberedskap….avtaler?
  • Skogforvaltning og skogrydding
  • Open brenning (bråtebrenning, mv) Lokale forskrifter
  •  Brannførebygging i landbruket

Det vart ein god diskusjon i møtet kring dei ulike tema.   Her finn du plansjane som Brann- og redningssjef Vidar Trettenes nytta som innleiing og utgangspunkt for drøftingane i møtet.

Frå venstre Ole Bjarne Hovland, Vidar Trettenes, Torill Anita Segtnan og Olaf Mørch.

Sogn brann og redning IKS stiller gjerne på lokallagsmøter i høve aktuelle tema  og dei deltek og gjerne på øving der husdyr er involvert.  Dette føreset planlegging i god tid.     Sogn brann og redning IKS presenterte i møtet eit utkast til ein midlertidig arbeidsavtale og instruks som er tenkt nytta i høve bruk av gyllevogner ved brann.   Malen har sitt utgangspunkt i tilsvarande mal frå Haugaland brann og redning IKS.  Denne typen avtalar er meint å ligge til grunn når brannvesenet rekvirerer bønder med gyllevogner mv.  Då er formalitetane på plass tidleg.   Fylkesstyret vil sjå på utkastet til avtalar i komande styremøte og melde attende til Sogn Brann og redning etter sommaren.  

- Dette er eit så viktig tema at eg vil sterkt tilrå lokallaga å arrangere medlemsmmøte på tema branntryggleik og beredskap.    For mange av bygdene våre er responstida så lang, at utan handlekraftige personar lokalt som trør til kan skadebiletet ofta ha vorte mykje verre.   Når fagfolka seier at dei gjerne kjem og deler sin kunnskap så er det berre å starte førebuinga av møta, avsluttar Hovland.   Lokallagsleiarane vert også oppmoda om å lage ei liste som syner tilgjengelege gyllevogner i bygda.  Gyllevogner kan vere til uvurderleg hjelp ved til dømes ein brann.  Likeeins kan gravemaskiner vere til stor nytte ved naturhendingar og flaum. 

Nyttige lenkjer:

Landbrukets brannvernkomite

Tryggare Saman