Nedanfor kan du lese heile svaret som per Hilleren har sendt til avisene:

I eit debattinnlegg 22. november hevdar Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre at Norges Bondelag kjem med skrøner om Høgres landbrukspolitikk. Me skrøner ikkje. Våre reknestykke på Høgre sin landbrukspolitikk, gjev ikkje grunn til å trekkje på smilebandet.

Lødemel hevdar me er eit talerør for Senterpartiet og den raudgrøne Regjeringa. Me er partipolitisk nøytrale, men me er ikkje landbrukspolitisk nøytrale. Me peikar på feil ved landbrukspolitikken for alle parti, uavhengig av farge, der me meiner dei ikkje er gode nok. Sist både Senterpartiet og dei raudgrøne fekk gjennomgå, var ved årets jordbruksoppgjer, der dei tilbaud næringa alt for dårlege inntektsmoglegheiter. Me braut, og me aksjonerte. Eg trur regjeringspartia hadde det vondt i den tida.  Eg skjønar og at høgrepolitikarar med gode intensjonar for landbruket,  får det vondt når dei les vår rapport om deira politikk.

Samstundes passar me på å gje ros når politikarane gjer noko bra. Slik dei raudgrøne gjorde ved framlegging av Statsbudsjettet for 2013, der dei styrkar tollvernet for faste ostar, biffar og fileter av storfe, og heile lammeslakt.  Dette er eit riktig grep for å sikre norsk volum, og gjev moglegheiter for å ta ut ein framtidig kostnads- og inntektsvekst i marknaden.   Då er det provoserande og nedslåande når Høgre i sitt alternative budsjettframlegg tek til orde for å reversere dette viktige tollgrepet.  Alle veit kor viktig mjølk, storfe og sau er for landbruket i Sogn- og Fjordane.  Dersom matvarekjedene heller vel å importere ost og kjøt, må me leggja ned vår produksjon.  Me har eit høgare kostnadsnivå i Noreg på grunn av oljen og dei naturgjevne tilhøva. Når Høgre seier dei vil ha auka produksjon, må dei og ta konsekvensane av det gjennom politikkutforminga. Det held ikkje med vakre tankar frå Høgre, når ein samstundes fremjar tollkutt.

Lødemel skriv at det ikkje er rett at Høgre vil ha full reduksjon i tilskotsatsane i distrikta.  Det vonar heller ikkje Bondelaget at Høgre vil.  Difor har ein i rapporten omgjort berre nokre av distriktsverkemidla til pristilskot, medan ein har behalde distriktsprofilen mellom anna på arealtilskota. Lødemel seier og det ikkje er rett at Høge vil ha full utflating av tilskot etter storleiken på bruk. Men kvifor skriv Høgre då at

  • ”bosetting og sysselsetting ikke skal være et mål for landbruksoverføringene”,
  • ”det er nødvendig å vurdere endringer i tilskuddstrukturen både når det gjelder bruksstørrelser, geografi og områder, med tanke på å oppnå mest mulig effektiv og optimal utnyttelse av våre jordbruksareal”
  • ”verken forbrukeren eller det offentlige bør få en større regning enn det som er kostnaden ved mest mulig effektiv norsk landbruksproduksjon”

Når Høgre ikkje er opptekne av busetnad og sysselsetjing for landbruksstøtta, og ein samstundes ynskjer eit mest mogleg effektivt landbruk, finn eg ikkje ei grunngjeving i politikkutsegna til Høgre for å ha høgare tilskotsatsar for dei mindre gardsbruka.  Høgre er opptekne av å utnytte stordriftsfordelane mest mogleg, og då er det inkonsekvent å differensiera satsar etter struktur, og stimulere til små einingar. Slik tolkar me Høgre sin politikk, og difor har me i reknestykka våre fjerna trappetrinna etter bruksstorleik i tilskotsordningane.

Lødemel påpeikar at notatet ikkje har med at Høgre gjev 800 mill. kr i skattelette til landbruket.   Notatet reknar på bruk i drift og tek høgde for at Høgre gjev 440 mill. kroner i skattelette til ”dei som er utøvarar i landbruket”.   Me har 45.000 føretak i landbruket, men heile 180.000 landbrukseigedommar.  Mykje av framleggja til Høgre om skattelette vert gjeve til dei som eig landbrukseigedommar, men som ikkje driv dei.

Lødemel skriv at sidan dei raudgrøne tok over har talet på gardsbruk gått ned med nesten 8.000.   Han spør om det er denne politikken Bondelaget ønskjer skal vidareførast.  Nei, me ynskjer ei større satsing på landbruk, for å kunne auke produksjonen av mat i takt med folketalet.  Då vil det og vere naudsynt med fleire bruk i drift.  Det er bra Lødemel er uroa for nedlegging av gardsbruk.  Då bør han merke seg rapporten frå Bondelaget på Høgre sin politikk.  Den syner at med Høgre sin politikk, vil landbruket måtte leggje ned like mange bruk kvart år i neste regjeringsperiode som i dei to siste regjeringsperiodane til saman, dersom attverande bruk skal få ei inntektsutvikling som andre yrke.  Eg vonar Lødemel får ein vekkar av rapporten, og arbeider aktivt mot andre i Høgre slik at landbruket i Sogn og Fjordane vil ha ei framtid og med Høgre i Regjeringskontora.