Frå synfaringa, frå høgre: Odd Harald Strømsli, Førde kommune, Nils Rønningen og representantar frå bondelag og grunneigarar

Ca 25 gruneigarar og tillitsvalde møtte på informasjonsmøte på Rica Sunnfjord Hotel, der det var orientering frå Førde kommune og Statens vegvesen om plansystem, politiske prosessar og tidsplan for utbygging av nye handelshus, byggefelt for bustadar og ny E39 gjennom Førde.

Nils Rønnningen, tidlegare org. sjef i Oppland Bondelag, no privat konsulent, informerte om korleis grunneigar best kan ivareta sine interesse inn mot kommune og utbyggjar. Då grunneigarar ofte har felles interesse overfor utbyggjar, vart det oppfordra til å skipe kortidsgrunneigarlag på slike saker, og gjerne knyte til seg juridisk eller anna fagkompetanse i den samanheng. Ved å stå samla og fremje felles interesse som grunneigarar kan ein oppnå større tyngde og effektivitet inn mot utbyggjar når det gjeld eigne ønskjemål, noko som også utbyggjar ofte ser positivt på. Elles vart det pressisert kor viktig det er for grunneigarinteressene å vere med å påverke prosessen overfor kommunen heit frå ei utbyggingssak startar til den er sluttført.

På dag to i møtet var det synfaring på område for utbygging av handelshus, med repr. frå kommunen som informerte om planane. Han oppfordra elles bondelaget om å kome med innspel og høyringsfråsegn til den politiske handsaminga av saka i kommunen. Han erkjente at det nok er bondelaget som er den fremste til å kunne ivareta jordvern- og landbruksinteresser i slike saker.

Det aktuelle utbygingsområde for nytt handelshus

Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, var deltakar i møtet og seier følgjande:

- Debatt og planar om omregulering av matjord til utbyggingsformål dukkar stadig opp også i Sogn og Fjordane, og då må lokale bondelag markere jorvern- og landbruksinteresser innafor sitt  nærmiljø, slik som Førde Bondelag gjer. Tettstadane hos oss ligg gjerne inst i fjordarmane på flate dalområde, og då vert det lett å ta matjord til utviding av sentra og vidare utbygging. Politikarar og utbyggjar peikar ofte på at det er meir rasjonelt og kostnadseffektivt og bygge på flatt jordbruksareal enn på brattare utmarksareal nær tettstadane.

- Forretningsverksemdene i Førde har spreid seg klattvis frå sentrum opp mot handelssenteret på Bulandsvellene dei siste åra, der mykje av den beste matjorda har blitt omsdisponert til tomteareal for handelshus og parkeringsplassar. Vi må framover i større grad utvide bygdebyane med å fortette sentrumsområda gjennom parkeringshus under bakken og bygge i fleire etasjar, slik at vi unngår å bygge ned verdfull matjord.

- Om vi legg produktiv matjord under betong og asfalt reduserer vi moglegheita for matproduksjon for framtidige generasjonar og misbrukar forvaltarrolla vår. Samfunnet vårt må ha råd til å ta vare på matjorda vår.