Bondelaget samarbeida elles med Tine på standen. Også Norsk Landbruksrådgjeving i fylket, Bioforsk på Fureneset i Fjaler og Mo og Jølster v.g skule hadde stand, slik at det vart eit eige område med konsentrert landbruksinformasjon.

- Bondelaget ser på dette som eit vilktig tiltak for å påverke og gje ungdom informasjon om moglegheit for utdanning og yrkesval knytt til landbruket si verdikjede. Det vart også informert om kor viktig det er at bøndene organiserer seg i faglag og økonomiske samyrkeorganisasjonar. Og det vart lagt vekt på at landbrukssamyrke gjev mange spanade arbeidsplassar som krev utdanning og kompetanse knytt til innkjøp og sal av driftsmidlar, produkstutvikling, foredling og distribusjon av matvarer. 

På standen vart det dele ut informasjonsmateriell og det vart lagt vekt på samtale med ungdomane.