Jerv

 

Til saman to jervar er så langt i 2016 felte i region 1. Den eine vart teken like ved busetnaden i Mørkridsdalen i Luster.

 

Rask analyse

- For å kunne gjennomføre ei truverdig forvaltning av jerv innan dagens forvaltningsregime er det viktig at det vert fortgang i analyser av DNA materiale som vert samla inn, skriv organisasjonssekretær Merete Støfring i Sogn og Fjordane Bondelag. 

I eit brev til Miljødrirektoratet peikar Bondelaget på at det dei siste par åra har det kome relativt raske svar vedrørande innsamla  DNA-materiale. 

- Vi forventar at dette vert prioritert slik i vår også, skriv Støfring i brevet.

 

Kravet

Sogn og Fjordane Bondelag forventar raske analyser og kunngjering av DNA:

•          Frå dei to jervane som er felt i region 1 i 2016. 

•          Frå  møkprøvar som vert samla inn og frå andre jerv som vert felt denne våren

 

Kopi av brevet til Miljødirektoratet er sendt til leiar Alexander Øren Heen i Rovviltnemnda region 1, som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.