TILLITSMANNEN: Magnus Grimset var ei markant røyst i Bondelaget på 1960-, 70- og 80- talet. I påsken runda han 100 år, framleis like engasjert.

- Det var ei herleg tid å vera bonde i 70-åra. Det var sjølve glansperioden til norsk landbruk.  Eg minnest folk som verkeleg satsa og synet av nye fjøs som møtte meg både titt og ofte. Du og du, det var ei god tid.

Måtte heim og ta over

I MILLITÆRET: Magnus Grimset i 1947. Han var på den tida fenrik i Bergen.

Magnus Grimset har stjerner i augo når han fortel om tida som gardbrukar på 70-tallet. Han held ein liten kopp kaffi i den skjelvande høgre handa, og drøymer seg attende til farne år. 100-åringen ser ut vindauget og på snøen som lavar ned.

- Snø og lange vintrar kjenner eg godt til.  Eg hugsar spesielt godt vinteren i 1947. Då var eg i militærteneste i Bergen, og far tok kontakt. Alt vatnet på garden heime hadde frose, og no klarte han ikkje å styre med det meir. Far sa eg måtte kome heim og ta over. Det gjorde eg.

Det er ein uvanleg klar 100-åring som tek i mot oss heime i einebustaden i Naustdal i Sunnfjord. I sitt 101 leveår er han som eit levande leksikon. Han har stålkontroll på både datoar og årstal. 

- Det verste året i mitt liv

DET NYE HUSET: Dette er huset Grimset og kona bygde opp att etter brannen på Hukset i 1956.

Grimset faldar hendene. Ansiktet blir alvorleg. Han set seg litt lenger fram på stolen. Han fortel om den tøffe starten han fekk som bonde.

-  Dei fyrste åra brukte eg  mykje tid på å sette garden i stand. Då eg i 1956 var på heimevernskurs, fekk eg beskjed om at våningshuset heime brann. Det som eg akkurat var ferdig å restaurere. Øvelsen var i Matrefjella i februar, og eg minnest eg tok på meg ski og gjekk med lommelykt til Romarheim, kom meg til Bergen og fekk tak i eit privat sjøfly som tok meg heim til Naustdal. Då me kom over fjella såg eg den svarte tomta. Det gjorde vondt.

Likevel gav ikkje Grimset opp. Alt same året var han og kona flytta inn i nytt hus. Magnus Grimset gifta seg med Karolina Helgås i 1942. Bryllaupet vart feira heime på garden Hukset og  ifylgje 100-åringen fekk han den finaste jenta i landet. 

BRYLLAUP: 12.oktober 1942 gifta Magnus Grimset seg med Karolina Helgås.

 

Tunge verv i Bondelaget

ÆRESMEDLEM: Magnus Grimset vart æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag i 1986.

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag i 1961 vart den taleføre mjølkeprodusenten vald til leiar. Eit verv han hadde til 72.

- Eg sat i grunn for lenge, eg hadde vervet i 11 år, seier Grimset som seinare også sat åtte år som ordførar for Senterpartiet i Naustdal.

Framleis blir debattsidene i avisene lese med stor iver. Tida i Bondelaget skildrar veteranen som både travel, kjekk og spennande.  

-  Det var ikkje den ting me unngjekk å blande oss borti. Eg hugsar spesielt godt då eg besøkte alle kommunane i Sogn og Fjordane på 60-tallet. Eg inviterte til møte om bygningslova  og presiserte for kommunane kor viktig det var at dei ikkje greip inn utan å spørje bonden fyrst.

Frå 1967- 1973 hadde Grimset også vervet som ordførar i Norges Bondelag.  

-  Eg var ordførar i 71, då hadde organisasjonen 75-årsjubileum. I det høvet fekk eg ei veldig spesiell oppgåve, eg fekk halde ein tale ved æresminnet til Johan Theodor Landmark på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.Han skipa Bondelaget i 1896 og var frå Fjaler i Sogn og Fjordane, mitt heimfylket. Det er kanskje det største oppdraget eg har hatt, det var ei sann ære. 

Talen har Grimset endå, i tillegg til alle dei andre talane han har skrive.

- Eg tykkjer det er kjekt å ha. Gode minner skal ein ta vare på, fastslår han og forsyner seg med eit stykke gulrotkake. Kakelysta minkar ikkje fordi om ein bikkar 100. 

Framtida

TORADER: I godt vaksen alder lærte Grimset seg å spele torader. Instrumentet ligg i stova, og han spelar framleis litt.

-  Det som opptok meg og mange andre  i 60-åra var kven som skulle drive med kva og kvar. Me var opptekne av å drive der me kunne drive. No føler eg mange legg ned små gardar og at alt blir større. Eg er redd industrijordbruket skal overta, kva har me igjen då? Då har ein øydelagt grunnlaget som ein gong var. Grunnlaget som bygde opp landet vårt. Eg synst det er nifst altså.

Grimset fortel at han alltid har vore optimist. Han har tenkt at det går helst godt, men no ser han mørkare på det. 

-  I ein krisesituasjon blir menneske som dyr, me har eit mål og det er å skaffe oss mat.  Difor er det viktig at me produserer mat der me kan produsere mat. Over heile landet.

100-åringen håpar fleire enn han er uroa for framtida.

-  Ein må investere i nytt, og det er knapt med pengar på mange bruk. Det er ei negativ utvikling. Finn styresmaktene ei løysing for å investere i nye driftsbygningar, kan det berge mange.

Sjølv minnast Grimset det å skøyte vekk graden som noko av det tyngste han har gjort i sitt liv.  Han har aldri følt seg så fattig som han gjorde då. 26 år seinare kan bondehøvdingen frå Sunnfjord nesten ikkje tru at han har runda 100.  Bilen parkerte han først som 99-åring. Ikkje ein dag har angra på livet som mjølkebonde og organisasjonsmann.

- Det er det mest interessante eg kunne valt. Eg har hatt kyr, sau, gris, hest og litt geiter. Og det hende at eg fekk besøk og tenkte at no må de snart gå, så eg får jobbe, ler Magnus Grimset.