Mange fann vegen til festen, og stemninga steig utover kvelden. Vi fekk servert betasuppe til mat, og desserten var marsipankake med kaffi. Bondelagsleiar Erik Lidal leia festen med stø hand og gode historier.  Kvelden vart og nytta til å heidre tidlegare landbrukssjef i Vik, Arne Skeie. Vik Bondelag ville gjere stas på han for det arbeidet han gjennom mange år har lagt ned for, og med bøndene i Vik. Skeie fekk eit måleri som presang. Kona hans, Eva Skeie fekk blomar.

 

I sin heider til Arne Skeie la leiaren i bondelaget vekt på Arne si evne til å sjå framover og legge til rette for ei framtidsretta utvikling av landbruket i kommunen gjennom 40 år. 

Den aller største utfordringa Arne må ha møtt, er vel å få dei noko sta og fastgrodde bøndene i sine eigne tun og tankar til å tenkja nytt. Og her har han vist sine store evner til å skapa samarbeid. Arne var sikker og kunnskapsrik i sitt fag, og difor kunne han vera bestemt i sine uttrykk  og ordlag.  Og det har vorte vist stor respekt utover kommunegrensene for det han har fått til innanfor landbruket her i Vik, sa Lidal

Me hadde ein stor omstilling med nye driftsbygningar på 70 og 80-talet som trengde sin rådgivar  og planleggjar. Og no i 2000 kom fellesfjøsane. Her skulle det skrivast samarbeidsavtalar, her skulle store  økonomiske lyft på plass. Også her var det veldig viktig å ha ein landbrukssjef med både kunnskap, respekt og kompetanse. Me er stolte av det me har fått til saman, avslutta Lidal.

 

Vik Sau og Geit hadde òg med ei helsing til Arne Skeie. Leiar Jon Nummedal kom med presang og velvalde ord.

Vik Bondelag ynskjer å rette in stor takk til Vik Ungdomslag for samarbeidet med festen, og til dei som møtte og skapte god stemning i Vikjahalli denne kvelden, som varte ut i dei små timar med dans til musikk av Gamlekara Swingers.  Da gjorde godt med ein skikkeleg bondefest etter mange års opphald :)