NØGD: Anita Sæther i Sogn og Fjordane Bondelag hadde ein kjekk dag på Vassenden.

 

- Eg har hatt ein veldig flott dag, det håpar eg elevane har hatt også. 

Sæther fortel at landbruksspelet er eit gruppearbeid tilpassa avgangsklassen i grunnskulen. Elevane skal vera bønder i ein dag, der dei skal løyse mange ulike oppgåver knytta til økonomi. På den måten får dei eit innblikk i bøndene sine inntekter og kostnadar. 

- Mange elevar kjem ikkje frå gard, så no kan dei lære litt om gardsdrift. Ofte er det slik at dei frå gard er mest interessert i spelet, men i denne klassen engasjerte mange utan gard seg også. 

Kva tenkjer du om det?

- Det er kjekt å sjå. 

 

Overraska

 NYTTIG: Hannah lærte mykje nytt, då ho spelte landbruksspelet.

 

- Eg vart veldig overraska over alle kostnadane bøndene har. Det er store tal. 

Hannah seier ho lærte mykje om økonomi.

- I spelet var det viktig å ha god oversikt over kva ein skulle låne, samtidig som me måtte setje grenser på kva me skulle bruke. Eg syns det var kjekt å få eit lite innblikk i økonomien til norsk landbruk. 

Korleis var dagen?

- Eg hadde ein kjekk dag. Moro å få samarbeide med dei andre i klassen. 

 

Utfordrande

IKKJE BERRE LETT: Marianne hadde ein fin dag, sjølv om landbruksspelet var utfordrande.

 

- Eg er overraska over at ting kostar så mykje som dei gjere.

Marianne fortel at ho hadde ein interessant dag, sjølv om landbruksspelet var litt vanskeleg. 

- Det var mange tal å halde styr på. Likevel syns eg det var moro, for eg lærte mykje nytt. 

 

Nøgd med responsen

GOD Å HA: Anita Sæther hjalp til, då gruppene hadde spørsmål.

 

- Mange av elevane var ivrige, det gleda meg. 

Ifylgje Sæter er det kjekt å få reise ut til skulane å spele landbruksspelet. Det er ein aktivitet Sogn og Fjordane Bondelag har satsa på.

- Det er hektisk å gjennomføre og mange oppgåver, men ein lærer mykje av det. 

 

Fleire bilete frå dagen, kan ein sjå her.