-Kva skal vi produsere på garden vår? 29 tiandeklassingar ved Vassenden skule er i gong med Landbruksspelet ein fredags morgon i juni. Dei skal drive gard, som om det er deira eigen. Det krev innsats, dei har mange oppgåver dei skal gjennom denne skuledagen. Dei skal halde nøye rekneskap med drifta, og kvart einaste val dei tek har konsekvensar for økonomien.

Elevane jobbar i grupper på tre eller fire, og undervegs i spelet får dei stadig nye opplysningar. Torjus Lien frå Norsk Landbruksrådgjeving og Anita Sæther frå Sogn og Fjordane Bondelag er med for å rettleie. Elevane skal mellom anna teikne kart over areala sine, dele inn skifte, finne rett mengd gjødsel ut i frå produksjon, og gjere ulike utrekningar knytt til drift og investeringar.  Dei jobbar seg gjennom ulike sesongar og avsluttar kvartal for kvartal. 

På slutten av dagen har oppgjeret sin time kome, og gruppene skal leggje fram resultatet. -Vi låg veldig godt an med økonomien før vi måtte investere i maskinene. Det svei for å seie det slik, konkluderte den eine gruppa. Ei anna erfaring elevane gjorde var at det er vanskeleg å få tida til å strekkje til.

-Elevane gjorde ein flott innsats. Diskusjonane rundt oppgåvene i Landbruksspelet var gode, og dei kom og med mange andre spørsmål om korleis bonden har det i kvardagen, oppsummerer Anita Sæther frå Sogn og Fjordane Bondelag.

Skal vi kjøpe traktoren ny eller brukt? Det var ein av problemstillingane 10. klassingane ved Vassenden skule måtte ta stilling til då dei gjennomførte Landbruksspelet.