Ein glad vinnar

 

Bjarte Urnes frå Førde syns det var veldig kjekt å vinne premie.  

Sogn og Fjordane Bondelag arrangerte konkurranse på Open Gard på Mo på Søndag. Der skulle ein gjette vekta på eit fenalår, den som kom nermast stakk av med gevinsten.  

- 1810 gram tippa eg, fasiten var 1805 gram, smiler Urnes.

 

Hard konkurranse

Ein anna deltakar tippa 1800 gram og var såleis like nær. Etter loddtrekkning trakk Urnes det lengste strået. 

- No skal eg kose meg med premien utover hausten, avsluttar han.