Bokslepp " Stølane i Førde – frå fjord til bre"
1. oktober er det bokslepp i Førdehuset kl. 15.15. Då kjem boka " Stølane i Førde – frå fjord til bre" ut.
- Dette er ei interessant bok med rikhaldig informasjon.
Det fortel Berit Gjerland i Førde historielag.
- Boka er delt i to. Fyrste del inneheld 11 temaartiklar, medan andre del tek føre stølane i Førde kommune.
Kor mykje jobb har det vore med boka?
- Det har vore ein stor dugnad i mange år, så har vore mykje jobb.
Alle er velkomne
- Alle kan kome på boksleppet, fortel Gjerland.
Ho gler seg veldig til boka kjem ut og håpar at folk set pris på den.
-Eg håpar lesarane finn glede i det dei les.