BMV er betre enn EMV
- I alle høve må vi no kunne einast om at BMV er betre enn EMV sa styremedlem Nils Magne Gjengedal i debatten med Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre i fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.
Det var ein svært engasjert Gjengedal som søkte å lære Lødemel om marknadsordningane og tollvernet si betyning for Vestlandsjordbruket. I same stunda poengterte han kor viktig det er med hylleplass for Bonden sine eigne merkevarer (BMV) i kampen mot kjedane sine eigne merkevarer (EMV). - Desse har kun til hensikt å utkonkurrere bonden sine merkevarer for sjølve å kunne hente inn endå meir av profitten til eigne butikkar held Gjengedal fram.
Lødemel gav uttrykk for at han har forståing for bøndene i Sogn og Fjordane sitt syn, men det kom tydeleg fram at der framleis er ein stor jobb å gjere om Høgre sin landbrukspolitikk skal kunne medverke til vekst i distriktsjordbruket, konstaterte Gjengedal.
Fylkesårsmøtet gav samrøystes tilslutning til ei fråsegn om kjedemakt og marknadsmakt
Stort engasjement, men også rom for godt humør i diskusjonen mellom Bjørn Lødemel, Sveinung Svebestad og ein svært engasjert Nils Magne Gjengedal.