- Det er viktig å vera i ein medlemsorganisasjon som jobbar for bonden i Sogn og Fjordane, som jobbar for bonden i andre fylker og som jobbar for bonden i heile landet.

Det seier Nils Magne Gjengedal. Han sit i fylkesstyret til Sogn og Fjordane Bondelag og er medlem i verveutvalet i fylket. 

- Organisasjonen vår jobbar kvar dag og kvart år for bonden. Det er spesielt viktig å vera organisert når me skal i forhandlingar med staten og forhandle om inntekta vår.

Kvifor er det så viktig?  

Då er me avhengig av ein sterk organisasjon, som tek vare på alle i bondenæringa. 

 

Ynskjer du å bli medlem? klikk her.