Bli med på seniorkurs 18.mars!

Publisert 14.02.2020
  • Tips en venn om denne siden

Dette er kurset for deg som no eller innan kort tid skal overdra garden til neste generasjon, avvikle drift og framleis forvalte garden, eller deg som skal selje garden.

Ei eigedomsoverdraging og eventuelt etterfølgjande pensjonering, byr på store og små utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Ein skal følgje lovverket, samtidig som eige liv og gardens framtidige liv etter overdraginga skal planleggjast for ei best mogleg løysing for alle partar.

Kurset tek føre seg gardsoverdraging med skattereglar, arvereglar med ny arvelov, framtidsfullmakter, reglane om formuesforholda mellom ektefelle, samlivsavtale og ektepakt, særeige og felleseige, kårytingar, odel, konsesjon og anna som har direkte samanheng med gardsoverdraginga.

I tillegg vert det fokus på pensjon etter folketrygda, AFP, uførepensjon, tidlegpensjon i jordbruket og private pensjoner. Skattemessige forhold for pensjonisten og spørsmål rundt fortsatt arbeid vil òg bli berørt. Dei menneskelege sidene ved ein eigendomsoverdraging vil fortløpande vevast inn i foredraget.

Kurset er krydra med mange gode historiar frå verkelegheita samla opp gjennom lang erfaring på dette området av kurshaldar Jan Bangen.

Bindande påmelding innan 8.mars 2020

Dato: 18.mars, kl 10.00 - 17.00

Stad: Thon Hotel Jølster

Kursavgift kr 1500 pr deltakar, ink. lunsj

Sjå programmet og meld deg på HER

Ved spørsmål kontakt Birgitte Bjaanes på tlf.: 41 56 57 58 eller birgitte.bjaanes@bondelaget.no

 

 

Flott tiltak for yngre bønder i Indre Sogn

- Jammen er eg heldige eg, som fekk lov å innleie for kring 30 unge engasjerte bønder på kveldskurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland

Produksjonsdelinga i norsk landbruk må på agendaen

- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går

Maskinførarkurs 2020

Norsk Landbruksrådgiving arrangerer maskinførarkurs. Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere