- Bli med på laget
Om ein melder seg inn i Sogn og Fjordane Bondelag no, er det gratis medlemskap ut året.
- Saman med lokallaga våre gjer vi ein ekstra innsats på medlemsverving i haust og vinter. Vi håpar at enda fleire vil stå saman med oss og jobbe for livskraftige bygder og eit aktivt landbruk i Sogn og Fjordane, fortel Anita Sæther.
Ho er rådgjevar på Bondelaget sitt kontor i Førde.
- Gjennom å "tørre å spørre" håpar vi å få mange fleire med på laget. Du treng ikkje vere bonde for å vere medlem i Bondelaget. Vårt arbeid er av interesse for alle som ønskjer norsk mat på bordet, levande bygder og eit velstelt landskap.
Forventningar
- Målet er å få 40 nye medlemmer før nyttår, seier Sæther.
Kor realistisk er det?
- Om kvart lokallag klarar å rekruttere eit nytt medlem, er me der.