Familiefarmen er ein landsdekkande konkurranse inspirert av Hayday, Farmen og 4H. Tanken bak er at ein skal bli inspirert til å dyrke sin eigen mat, uavhengig om ein bur på bygda eller i by'n. Familiar frå heile landet kan delta i konkurransen om å vinne 10 000 kr sponsa av  Sogn og Fjordane Energi, som har stor tru på prosjektet.

For å delta må ein sende inn 2 videoar, ein i juni for å fortelje om planane sine, og ein i september for å vise til kva ein har gjort. Sogn og Fjordane Bondelag har fått det ærefulle oppdraget med å sitte i juryen. Kriteriar som vert vurdert er samarbeid, kreativitet, ferdigheter, gjennomføring, engasjement og resultat.  

Dei som står bak iniativet er tre 10. klassingar frå Gloppen ungdomsskule med betre tid denne våren. Kristina Håvik, Hedda Hugvik og Simen Aabrekk har kjent kvarandre heile livet og følte på ein frustrasjon når koronoakrisa stengdened landet i mars og hindra dei i å vere saman. Dei fekk lyst å ha eit prosjekt ilag - resultatet vart Familiefarmen.

- Simen kan ikkje snakke, men formidlar ivrig via brettet sitt om at han likar å skrive forteljingar. To av desse, "Skredet" og "Viruset" gav ideen til Familiefarmen. Ein ide dei tre ungdomane har jobba med sidan mars.  

- Hedda skyt inn at det har vore eit auka fokus på norsk mat og sjølvberging. 

- Mange som ikkje veit korleis maten blir dyrka. Med dette prosjektet ynskjer vi å skape eit felleskap, fortel Simen. 

- Dette er eit prosjekt alle kan halde på med, ein treng absolutt ikkje bu på ein gard, seie Kristina. 

Dei har også små konkurransar på Instagram. Ved å bruke #familiefarmen kan ein vinne premiar sponsa av lokale bedrifte. Håpet er å engasjere og inspirere born, ungdom og vaksne til å dyrke sin eigen mat, gjerne som ein fin famileaktivitet. 

Tilbakemeldingane på prosjektet er gode og dei håpar familiar i heile lande vil sende inn videoar i fleng. 

For meir informasjon kan du sjekke ut heimesida deira eller følgje dei på Facebook eller Instagram