Me skal sende direkte frå sauefjøs og beiter i Sogn og Fjordane. Me skal dele både bilder og videoar frå dei dyktige sauebøndene våre. 

Me  vil dele mykje på Facebook og Instagram, men me vil også publisere glimt på nettsida vår.

 

Kva er Bonde-TV?

- Innhald filma av bøndene sjølv. Det gjev eit ærleg og usminka innblikk i gardsdrifta.

- Tidlegare har Fjørfeprodusentar, svineprodusentar og storfeprodusentar overteke Bondelaget si  Facebookside for å syne korleis dyra har det.

- Om du ynskjer å sjå kva som blir delt, klikk deg gjerne inn på vår Facebookside, Instagramkonto eller nettside. Du kan også søke på #BondeTV og sjå bidrag frå heile landet.

 

Vil du dele frå din kvardag som sauebonde?

 

Alt du treng å gjere er å publisere ei livesending, eit bilete eller ein video på Facebook eller Instagram den 19.mai, og merke med #BondeTV