Bli med og dyrk Norge
På bondevenn.no kan du lage ditt eige andelslag og hjelpe ein bonde med å løyse utfordringar han møter på garden frå no og til september.
- Med denne konkurransen gir vi folk et innblikk i bonden sin kvardag alt arbeidet som skal til for å kunne tilby trygg, sunn og naturleg mat som forbrukarane vil ha, seier fylkesleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag som sjølv har fått æra av å vere frontfigur for konkurransen.
Folketalet aukar og vi vil gjerne vere med å auke matproduksjonen om tilhøva vert lagt til rette for det, seier Hilleren.
- Norsk mat er samtidig eit verdival. Vi vil bruke ressursene som er spreidd over heile landet og gje folk sunn, kortreist mat der vi kjenner til kvar maten kjem i frå, seier Hilleren.
Hjelp bonden med hans utfordringar
”Du er bedt på grillfest. I dag og i morgon er det fint vær, deretter er det venta fleire dagar med regn. Skal du gå på grillfesten eller tilbringe laurdagskvelden på traktoren for å berge graset som skal bli vinteren sitt fôr til dyra?”
”Fjøset er gamalt og utdatert. Det tekniske utstyret treng stadige reparasjonar. Skal du fortsette med det gamle, eller investere 4 millionar kroner i nytt, større og moderne fjøs?”
Dette er døme på utfordringar som deltakarane i konkurransen blir stilt overfor. Saman med inntil fire vener kan du gje bonden gode råd.
I alt seks gardar med ulik drift er med i konkurransen. Desse er:
- Tor Erling Gransæther på Eplegarden, Hurum, Buskerud
- Frøydis Haugen, mjølkebonde på Trudvang, Lindås, Hordaland
- Bjørn Gimming, korn- og storfebonde i Halden, Østfold
- Thor Johannes Rogneby, potet- gris og kornbonde på Toten, Oppland
- Tone Rubach, sauebonde på Grytøy, Troms
- Petter Simonsen, økokornbonde i Høland, Akershus
Ta deg ein tur på bondevenn.no og prøv