- Med denne konkurransen gir vi folk et innblikk i bonden sin kvardag alt arbeidet som skal til for å kunne tilby trygg, sunn og naturleg mat som forbrukarane vil ha, seier fylkesleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag som sjølv har fått æra av å vere frontfigur for konkurransen.

Folketalet aukar og vi vil gjerne vere med å auke matproduksjonen om tilhøva vert lagt til rette for det, seier Hilleren.

- Norsk mat er samtidig eit verdival.  Vi vil bruke ressursene som er spreidd over heile landet og gje folk sunn, kortreist mat der vi kjenner til kvar maten kjem i frå, seier Hilleren.

 

Hjelp bonden med hans utfordringar

”Du er bedt på grillfest. I dag og i morgon er det fint vær, deretter er det venta fleire dagar med regn. Skal du gå på grillfesten eller tilbringe laurdagskvelden på traktoren for å berge graset som skal bli vinteren sitt fôr til dyra?”

 

”Fjøset er gamalt og utdatert. Det tekniske utstyret treng stadige reparasjonar. Skal du fortsette med det gamle, eller investere 4 millionar kroner i nytt, større og moderne fjøs?”

 

Dette er døme på utfordringar som deltakarane i konkurransen blir stilt overfor. Saman med inntil fire vener kan du gje bonden gode råd.

I alt seks gardar med ulik drift er med i konkurransen. Desse er:

  • Tor Erling Gransæther på Eplegarden, Hurum, Buskerud
  • Frøydis Haugen, mjølkebonde på Trudvang, Lindås, Hordaland
  • Bjørn Gimming, korn- og storfebonde i Halden, Østfold
  • Thor Johannes Rogneby, potet- gris og kornbonde på Toten, Oppland
  • Tone Rubach, sauebonde på Grytøy, Troms
  • Petter Simonsen, økokornbonde i Høland, Akershus

 

Ta deg ein tur på bondevenn.no og prøv