Fabrikksjef Anders Knut Molland

 

- Me produserer spekepølser, spekeskinke og pinnekjøt, fortel fabrikksjef Anders Knut Molland.

Han syner stolt fram fabrikken.

- Me har investert i nye maskiner, den nyaste er oppskjæringsmaskina.

Kor viktig er det å ha det nyaste utstyret?

- Ein må heile tida ta ei vurdering om det vil lønne seg, kan ikkje berre kjøpe ukritisk.

 

Sjå video med fabrikksjefen her:

https://www.youtube.com/watch?v=s5X8iICjU9E&feature=youtu.be 

 

Mange tonn kjøt

Spekemat og pinnekjøt

 

- Me produserer mest spekepølse, omlag 1400 tonn i året.

Kvar dag køyrer 5-6 vogntog med produkt ut frå fabrikken i Sogndal. Det er Molland nøgd med.

-  Det er bra. Me har mykje flinke folk som står på kvar einaste dag.

 

NM-tittel

Arbeidarar inne på fabrikken

 

- Me fekk 100 av 100 mogelege poeng på pinnekjøtet vårt.

Molland fortel at dei deltok i ei kåring i fjor, der store aktørar og småskalaprodusentar kjempa om den gjeve tittelen. Produkta vart blindtesta og rangert av proffe dommarar.

- Det at me og to andre fekk 100 poeng, er eg veldig stolt over.

Du virkar kry over bedrifta, korleis er det å jobbe her?

- Det er veldig moro. Folk set si æra i å lage gode produkt, det gjer meg glad.