Bli med inn i ei verd full av spekemat og pinnekjøt
Nortura i Sogndal produserer spekemat og pinnekjøt. Sjå video her.
- Me produserer spekepølser, spekeskinke og pinnekjøt, fortel fabrikksjef Anders Knut Molland.
Han syner stolt fram fabrikken.
- Me har investert i nye maskiner, den nyaste er oppskjæringsmaskina.
Kor viktig er det å ha det nyaste utstyret?
- Ein må heile tida ta ei vurdering om det vil lønne seg, kan ikkje berre kjøpe ukritisk.
Sjå video med fabrikksjefen her:
https://www.youtube.com/watch?v=s5X8iICjU9E&feature=youtu.be
Mange tonn kjøt
- Me produserer mest spekepølse, omlag 1400 tonn i året.
Kvar dag køyrer 5-6 vogntog med produkt ut frå fabrikken i Sogndal. Det er Molland nøgd med.
- Det er bra. Me har mykje flinke folk som står på kvar einaste dag.
NM-tittel
- Me fekk 100 av 100 mogelege poeng på pinnekjøtet vårt.
Molland fortel at dei deltok i ei kåring i fjor, der store aktørar og småskalaprodusentar kjempa om den gjeve tittelen. Produkta vart blindtesta og rangert av proffe dommarar.
- Det at me og to andre fekk 100 poeng, er eg veldig stolt over.
Du virkar kry over bedrifta, korleis er det å jobbe her?
- Det er veldig moro. Folk set si æra i å lage gode produkt, det gjer meg glad.