GÅR EITT KJEKT ÅR I MØTE: Hanne Lisbeth Nybø er tilsett i eit årsvikariat i Bondelaget.  

 

- No hadde eg lyst til å flytte heim, fortel Hanne Lisbeth Nybø. 

Ho er 33 år og kjem frå Lavik. Etter 13 år i Begen ville ho reise tilbake til barndomsgarden. 

-  For tida held eg på å pusse huset som besteforeldrene mine hadde.  

Sjølv om Nybø ikkje skal overta garden, blir ho ein aktiv del av drifta. 

  

Borte bra, men heime best

UTSIKT:  Bilde syner utsikten frå heimstaden til Hanne. 

 

- I Bergen tok eg bachelor i reiselivsledelse, og etter eg var ferdig utdanna jobba eg fire år i eit reisebyrå der vestlandsnaturen var vår største salsvare. Vidare jobba eg tre år i eit konsulentfirma i bygg og anlegg så eg har ein noko variert bakgrunn.  

Etter gode år i Bergen, tok ho steget med å flytte heim. 

- Det er godt å kome heim, og få plass og frisk luft rundt seg igjen. Her slepp eg å gå i kø for å kome meg på fjellet, og i tillegg har mesteparten av vennegjengen min allereie flytta heim.  

 

Gler seg til eitt år i Bondelaget

GLAD I DYR: Hanne Lisbeth Nybø. 

 

- Eg gler meg til å lære mykje nytt i Bondelaget. Eg syns dette virkar både spennande, og interessant. Eg gler meg også  til å sjå kva eg kan bidra med, fortel Nybø. 

Nybø kjem frå gard, og hjarta bankar for landbruket. 

- Eg kjem frå ein gard som driv med sau. Garden er ikkje så stor, me har 30 -40 vinterfôra sauer. Der har eg vore med sidan eg var liten. Eg har fått høyre eg låg i barnevogna i løa medan familien jobba under slåtten, så gardsdrifta har eg fått inn med morsmjølka.