Bondelaget lanserar no nettsida bondevenn.no. Dei som er glade i norsk mat og levande bygder kan her fortelle kvifor

- Målet med nettsiden og kampanjen er å vise verdien av landbruket og trygg, naturleg mat frå heile landet. Folketalet aukar, og landet sine bønder vil produsere meir mat, seier leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke.

Norsk matproduksjon har mange støttespelarar, og det er mange som ser at norsk matproduksjon er eit verdival.

- Vi vil bruke ressursane som er spreidd over heile landet. Landbruket gjev oss det Norge vi kjenner – med beitande dyr som hindrar landet frå å gro igjen og skapar levende bygder, sier Bjørke, som får sterk støtte av fylkesleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag.

Alle som vil, kan kalle seg ein bondeven på nettsida, men lokale bondelag over heile landet utnemner også sine eigne bondevener.  Dette er til dømes personar som medverkar til å løfte fram matproduksjon og landbruket si betydning for det norske samfunnet.   Desse delane av kampanjen vert bunden saman på nettsida bondevenn.no med bilete av mange lokale utnemnde bondevener.

 Oslobuar og kommunikasjonssjef i Norges Bondelag, Ragna Krohnstad er ein ekste bondeven