Mange tok søndagsturen til Mo, og der var det mykje spennande å finne på.

 

Ein kunne sjå på mange ulike dyr, mellom anna gris.

 

Sau var også ein del av husdyrutstillinga.

 

Å hoppe i høyet var veldig kjekt.

 

Det var mange som prøvde seg på hesteskokasting.

 

Sogn og Fjordane Bondelag sto på stand.

 

Tine var på plass. Dei delte mellom anna ut ulike smaksprøvar.

 

Det var travelt å grille i dag, men Nils Magne Gjengedal hadde god kontroll.

 

Mykje godt på grillen.

 

Å ri på hest var veldig populært.

 

Det var mange som prøvde seg på naturstien. Alle som gjennomførte fekk premie.

 

Fjordane Pelsdyralslag var på plass, og synte fram rev.

 

Å få halde små kyllingar var eit høgdepunkt for mange.

 

Denne kyllingen er i trygge hender.

 

Mathilde Dolen Nesje hadde ein fin dag på Mo. Ho tok turen med venninna si og ungane hennar.

 

Det var stas å få køyre traktor.

 

Det å få oppleve dyr på nært hald var moro.

 

Folk Sogn og Fjordane Bondelag prata med, let vel over arrangementet.

 

Mnage tok seg også tid til å sjå på kyrne.

 

Bygdekvinnelaga i Naustdal og Førde sto i kafeen. Dei selde mellom anna tradisjonsrik, og god kaffimat.