AVDELINGSSJEF I MATTILSYNET: Rune Myklatun

 

- Me vil ikkje ha denne parasitten i Sogn og Fjordane , seier Rune Myklatun i Mattilsynet.  

Varroamidd er ein parasitt som angrip både vaksne bier og yngel hjå bier. Parasitten kan føre til både sjukdom og død hjå biene. I Norge vart fyrste midden påvist i 1993 (Bærum), men den er no spredd over heile landet med unntak av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord Norge. 

- I dette tilfellet er det kome frå Hordaland. Sidan parasitten aldri har vore i Sogn og Fjordane før, er me opptekne av å utrydde den før den får spredd seg vidare, forklarar Myklatun 

 

Biene er avliva

- Dette er ei sak me ser alvorleg på, og biene det gjeld er avliva fortel Myklatun. 

Det er forbode å flytte bier frå regionar med varroamidd, til regionar som ikkje har denne parasitten, no håpar Myklatun at parasitten ikkje har spredd seg vidare i fylket.

- Me har så langt ikkje funne sjukdommen andre stader i Sogn og Fjordane, avsluttar han. 

 

For meir informasjon, sjå her.