Jan Lars Nesje står bak Breheimen naturprodukt. Han er pensjonist, men har rikeleg å henge fingrane i. Han har bakgrunn som tankbilsjåfør i meierisamvirket gjennom 46 år og har dreve med pelsdyr i form av sølvrev og mink ein del år. Det var i 1966 han starta som birøktar. 

- Å vere birøktar er sesongarbeid og det er viktig å gjere ting til rett tid, vist ikkje blir det krøll, fortel Nesje. I byrjinga av sesongen er det frukttre i bløming som er viktig, deretter tek villbringebæra over. Rundt 20. juli skal han flytte bikubane til Bremanger og Måløy for at dei skal samle nektar frå lyng. Resultatet vert deilig lynghonning. Der blir bikubane ståande til byrjinga av september. Då skal bikubane heim, og honningen kan takast ut. 

- Pollinering er den viktigast jobben biene gjer. Dei er meir strukturert enn t.d. humlene. Bia går frå frukttre til frukttre og blandar lite inn andre artar medan ho held på. 

Jan Lars Nesje sel honningen sin på Bondens Marked

I perioden oktober til april sit biene inne i kubane. Dei får erstatta honning med sukkerlake som dei lagrar i tavlene for å overleve vinteren.  Nesje reknar som regel 15 kg sukker per kube.  På denne måten produsera ikkje biene avfallsstoff, som dei ville gjort om dei skulle overlevd på sin eigen honning.  Dei samlar normalt sett på honning for å ha til overvintring, men dersom dei et denne produsera dei avfallsstoff, som dei ikkje klarar å kvitte seg med fordi det er for kaldt til å fly ut. - Det er viktig å passe godt på og gje dei rikeleg mat om hausten slik at biene er klare til å hjelpe oss med bestøving av blomstrane når det vårast igjen. 

-Biene dannar vinterklasar inne i bikubane. Inne i klasen kan det vere 10-12 grader uansett temperatur ute.  Dess kaldare det er ute, dess meir sukker brukar dei for å kunne produsere varme for å overleve, fortel Nesje. Dei trekker tettare saman for å kunne overleve når kulda kjem.   

Honning frå tavla med ca. 2 kg honning og ferdig produkt på glas (Foto: Jan Lars Nesje)

Kvar får ein kjøpt honningen?

Honning frå Breheimen naturprodukt vert seld på butikkar i Stryn. Her prøvar Nesje å ha nok til å dekke etterspurnaden heile året. Han sel også honningen gjennom Reko-ringen i Stryn, på Bondens Marked, og hjå enkelte småbutikkar rundt i fylket. Om sommaren er turistane som kjem inn gjennom fjorden gode kundar. 

Biene til Nesje samlar nektar frå blomar som gjev lynghonning, sommarhonning (i hovudsak av bringebær) og annankvart år får han lindehonning. 

Honningen kan brukast som pålegg, i bakverk og som naturleg søtstoff. - Honning er utruleg godt å bruke til marinade, der ein brukar 2 delar olje og 1 del honning, påstår Nesje. Honning er både sundt og godt. Nesje fortel at ein skal vere forsiktig til å varme honning opp over 60 grader, ein vil med temperaturar over dette øydelegge dei gode stoffa i honningen. Nyt gjerne ei skei med honning på nydeleg lokalprodusert gamalost!

Nesje anbafalar fleire å byrje med birøkting, det er viktig å ha rikeleg med bier for å sikre pollinering!