Dag Arne Eide frå Norsk LandbrukstenesteStadig større driftseiningar kombinert med eit meir ustabilt ver gjer det nesten umogleg å greie å spøryte, gjødsle og hauste grovforet til rett tid slik at vi får den optimale kvaliteten, held Eide fram.  Vi er i nærleiken av eit punkt der strukturutviklinga har gått så langt at vi ikkje greier å optimalisere agronomien.  Skal vi lukkast med å auke matproduksjonen og optimalisere utnyttinga av alt areal krevst det fleire hender i arbeid, ikkje færre konkluderte Eide.

Eit aktivt lokallag

Breim Bondelag har auka aktiviteten dei siste åra og har også planar for mykje god aktivitet det komande året. Dei ynskjermellom anna i samarbeid med andre organisasjonar å skape ei stor landbruksmarkering av av Fylkeskommunen sitt 250- årsjubileum på Breim i september.    Dei vil også  organisere ein sprøytedugnad, for å prøve å bli kvitt hundeslengje, høymole og løvetann.  Marit Flatjord, som representerte fylkeslaget på årsmøtet tykkjer dette er eit kreativt og godt forslag som fleire bygdelag burde ha prøvd seg på.   Lokallaget har også eit sterkt engasjement knytt til landbrukspolitikken og dei politiske rammevilkåra, og vil arbeidet aktivt inn mot det komande Stortingsvalet for å sikre ei regjering aom tek matproduksjon i heile landet på alvor.

Anders Felde vart attvald som leiar i lokallaget.

Medlemer i styret i Breim Bodnelag. F.v.  Connie Grindheim, leiar Anders Felde, Geir Thomas Myklebust og Jens Jacob Bergheim