- Å ha tenkt gjennom ulike scenario og laga seg ei oversikt og plan for korleis ein skal handtere dette, kan gjere det lettare for alle involverte partar når krisa først er ute. Veit du kven du skal kontakte og kor du skal finne denne informasjonen, er dyrebar tid spart, og ein kan føle seg tryggare i situasjonen ein står oppi, seier Hanne Lisbeth Nybø. Ho har saman med fylkesstyret utarbeida ein beredskapsplan for kva fylkeslaget og lokallaga skal gjere under og etter uføresette hendingar/kriser. - Det har vore ein veldig lærerik og viktig prosess, og dette er noko eg trur alle har godt av å gjennomføre, seier Nybø. 

I tillegg til sjølve planen har det blitt laga til separate plakatar der all viktig informasjon knytt til konkrete hendingar er oppsummert. Tema som har blitt valt ut til dette er følgjande: brann, ulukker, dyretragediar, smittsame dyresjukdommar, smittsame plantesjukdommar, psykisk helse, naturkatastrofer, rovdyr, arrangement, atomulukker og andre nasjonale/internasjonale kriser. - Plakatane er laga med tanke på at lokallaga kan skrive dei ut og ha dei lett tilgjengeleg. All nødvendig informasjon er samla på ei A4-side slik at ein har ei god oversikt. Her kan ein fylle inn den informasjonen som gjeld sitt område med tanke på veterinærvakt, kommunens kriseteam osv.

Alt dette samt relevante lenkjer og informasjon knytt til beredskap, finn de lett tilgjengeleg under fana som heiter "beredskap" på nettsida vår, eller ved å trykke HER.