STOR SKADE: Boksar vert kutta opp og hamnar i lag med foret til dyra.

 

- Eg finn søppel på bakkane kvart einaste år. Det gjere meg frustrert og oppgitt.  

Sognnes er bonde i Leirvik i Sogn. Han fortel at når ein brusboks, for eksempel hamnar i ein rundball, vert den kutta opp i små sylskarpe bitar. Deretter blandar bitane seg med grovforet.

- Storfe kan døy, om dei et dei små bitane. Eg har heldigvis ikkje opplevd det endå, men eg har funne restar etter boksar på forbrettet. 

No ber han dei som kastar boss tenkje seg om. 

- Eg håpar folk snart lærer å ta med seg bosset. Det kan gjere stor skade. 

 

UROA: Ole-Ivar Åm Sognnes.

 

- Forferdeleg 

REAGERER: Veterinær Reidunn Fattnes.

 

- Eg steiler når eg høyrer det, det skulle ikkje vera mogeleg. 

Fattnes fortel at ho behandlar dyr mot kvast kvart år. Kvast er fremmedlegeme i magen, til dømes glasbrot, bitar frå ølboksar og spikar. Ho fortel at storfe et det meste, og ikkje klarar spytte ut att søppelet. For å få opp att fremmedlegeme nyttar veterinæren ein magnet, men ikkje alt festar seg til magneten. 

- Me får ikkje opp glasbrot og bitar frå ølboksar med magneten. Dyr som har ete dette, får skadar som me ikkje klarer behandle. Glasbrot har skarpe kantar som gjere stor skade i magesystemet til dyra. Dyr kan plustseleg døy.  

Kva har du å seie til folk som kastar søppel?

- Søppel skal kastast i søppeldunk. Dette er ein leveregel alle burde kunne.