NYTT STYREMEDLEM: Henriette Sunde er nytt styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. Ho realiserte drauemen og kjøpte seg gard i Jølster.

 

- Det er ein barndomsdraum eg har hatt. Eg syns det er kjekt å jobbe med dyr, og eg syns det er spennande med matproduksjon. Og så har eg alltid hatt sansen for å jobba med ungar og dyr i lag.

Det nybakte styremedlemmet i Sogn og Fjordane Bondelag tek i mot oss heime på tunet på Strand. Fem kilometer frå hennar barndoms Vassenden, langs sørsidevegen av Jølstravatnet. Her fann ho det ho leitte etter. Ein gard som var til sals. Sidan 2014 har yrkestittelen vore bonde.

 

Går ei travel tid i møte

SNART LAMMING: Henriette Sunde har 82 sauer som ventar lam.

 

-  Eg har kjøpt meg ein gard som har blitt Inn på tunet-gard og 4H-gard, fortel 34-åringen.

Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og jobba som dette i nokre år.

- Så hadde eg lyst å bli førskulelærar, og utdanna meg til det. Etter å ha blitt førskulelærar, kjende eg at eg hadde lyst å gjere noko anna.

Og noko heilt anna vart det. Sunde tok agronomutdanning og sikta seg målretta inn mot jordbruket. Etter fire år som bonde har ho fått fleire økonomiske bein å stå på. Hovedproduksjonen er sau, men garden på oppsida av den smale og svingete sørsidevegen i Jølster har fleire attraksjonar. I tillegg til at ikkje mindre enn 82 sauer venter lam denne våren kan Sunde liste opp:

- Høner, kaniner, eitt skotsk høglandsfe, gris om sommaren, og sjølsvagt hund og katt.

No står vårens vakraste eventyr, lamminga for tur.

- Det blir spennande som alltid. Det blir travelt, men det er veldig kjekt også. Det er også det som er hovudgrunnlaget for innteninga i løpet av året, seier Sunde.

 

Stolt bonde

ALL GRUNN TIL Å SMILE: Henriette Sunde.

 

Travle våkenetter i fjøsen står for tur. Då kjem agronomutdanninga godt med. Men som Inn på tunet- og 4H-gard kjem også bakgrunnen frå barne- og ungdomsarbeid til nytte for fulle.

- Då eg byrja med gard var eg open for alt. Å jobbe opp mot Barnevernet gir mange spennande utfordringar. Eg har også hatt dagtilbod for heimebuande demente. Det var utruleg spennande og lærerikt.  

Etter årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i Sogndal førre månad, kan ho dessutan plusse på endå eit punkt på agendaen. Sunde er nytt fast møtande styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.

- Det blir spennande. Eg er jo ganske ny som bonde. Eg er ikkje oppvaksen på gard, og læringskurva har vore bratt. No gler eg meg til å jobbe med jordbruksforhandlingar og ting som er viktige for kvardagen til oss bønder, seier Jølster-bonden.

Sjølv har ho funne si hylle i livet. Bonde med utsikt mot Jølstravatnet.

- Det livet syns eg er veldig flott. No har eg fått det akkurat slik eg har drøymt om.