Delar av landet hadde låge temperaturar og nedbør i vår. Noko som gjorde at enkelete fekk sådd seinare enn dei brukar.

Det er viktig å vera klar over at det kan verte gjeve erstatning til jord – og hagebruksforetak med avlingssvikt,  som skuldast klimatiske førehald det ikkje er mogeleg å sikre seg mot.

 

Finansiering

Heile tapet med avlingssvikt vert ikkje dekka. Det er kun tapt avling i kilo som erstattast med standardiserte nasjonale satsar. Vidare må avlinga vera under 70% av normalen eller under fastsatt normalavling (grovfôr for produsenter med husdyr).

Det er fastsatt maksimumsgrense per vekstgruppe (grovfôr, frukt, bær, potet og grønnsaker) på 750.000. Beregna erstatning under 5000 vert ikkje utbetalt.

 

Korleis går ein fram?

- Meld frå til landbrukskontoret snarast etter at skaden har oppstått (Det vert ikkje gjeve erstatning til føretak som ikkje melder frå om skalden).  Hugs at prinsippa for god agronomi må vera fylgt (Art og sort skal vera tilpassa normale klimatiske førehald, arealet skal vera godt drenert og avlinga må haustast).

- Dokumentasjon ( Noter datoar, for kva som er gjort. Vidare kan ein ta bilete. Dette er for å dokumentera at ein har drifta areala på ein god måte, for å redusere avlingstapet). I tillegg må ein ha dokumentasjon på avlingar dei føregåande åra.

 

For meir informasjon, klikk her.