Avgjerande at heile Vestland framleis vert beiteprioritert område

Publisert 04.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Eg ser ingen grunn til å endre geografi for dagens rovviltnemnder sa nestleiar Ole Bjarne Hovland i møte med 6 av Høgre sine Stortingsrepresentantar sist veke.

Dei 6 Stortingsrepresentantane fekk eit kjenslelada møte med nestleiaren i fylkesbondelaget.  Hovland har sjølv opplevd jerven sine herjingar fleire gonger i sitt beiteområde i Årdal i Sogn.  Difor har han eit sterkt engasjement for saka.  Difor er han så eitrande sint på dei endringane som regjeringa har sendt ut på høyring når det gjeld rovviltpolitikken.  

Hovland var svært personleg i møte med dei 6 Stortingsrepresentantane. Han starta med å fortelje si eiga historie:

  - Mi søster var gjetar i vårt beiteområde i 1999 då ho fann eit dødt lam.  Ho fekk beskjed av SNO å skjere hovudet av lammet å ta det med heim til sjekk.  Noko ho likte dårleg.   Det var de første dokumenterte tatt av rovdyr hjå oss de skulle bli fleire.  - I 2004 fekk me soneinndeling.   Våre fjell skulle ikkje ha yngling.  Tapstala og rovdyrangrep i Indre Sogn har likevel skjedd nesten årleg.  Særleg etter at Oppland flytta sonegrensa frå Ottadalsvassdraget opp til fylkesgrensa på Sognefjellet har mykje jerv gjort livet i fjellet vanskeleg for bonden og dyra.   Nokon sesonga har vore blytunge,  verst 2014 med mange skadde lam.  Avliving av dyr .   - Ein tydeleg rørt Hovland kunne fortelje at han kjende seg knust.  63 lam vart vekke mot eit tap på berre 3-6 lam i eit år utan rovviltskade.                  

Det var i fjøsen til Kristen Mardal på Sandane at Stortingsrepresentantane frå Høgre Torill Eidsheim, Ingunn Foss,  Lene- Westgaard Halle, Bente Stein Mathisen og Frida Melvær fekk høyre nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland si dønn ærlege historie.

Hovland held fram sitt ærlege vis.  Ikkje noko vart lagt i mellom   - Utan ein oppstramming av  forvaltninga vil me mista kontrollen i våre svært vanskeleg tilgjengelege områder, held Hovland fram.  Me vil få ein rovviltforvaltning heilt ut av kontroll, er det dette som er målet, spurte han?

Småfebøndene i Vestland vil ikkje ha rovviltpakke.

Regjeringa la i sommar ut forslag til ei rekke endringar i forvaltninga av store rovdyr. For Vestlandsbonden som har dyr i utmarka vert fleire av endringane utfordrande for vidare drift.  I dag er Norge inndelt i 8 rovviltregionar, kvar region har ulike mål om antall rovdyr som kan yngle og ha fast tilhald.  Region 1, som Vestland er ein del av har fram til no hatt mål om 0 ynglingar av rovdyr.  Grunnen til at våre område ikkje har ynglemål er for å opprethalda småfehaldet på gardsbruk med lite dyrka mark, men store utmarksareal i form av frodige fjellbeite.   Lisensjakta som skal regulera rovviltet er nærast umogeleg i vår region, her er tronge dalar og stupbratte fjell, jakt her vinterstid er urråd. 

Eit av regjeringas forslag er å gå frå 8 til 4 eller 5 regionar, der alle regionar får mål om ynglande rovdyr.  For Vestland sin del betyr de at Møre og Romsdal som har ynglemål for jerv og gaupe vert med i vår region 1.   Vestland, går frå å ha beiteprioritet og mål om 0 ynglingar, til å få ein kamp med Møre og Romsdal om kvar ynglingane skal vere.   Kjerna i dette forslaget er at Region Vestlandet: Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland får 2 ynglingar av gaupe og 3 ynglingar av jerv som kan flyttast kvar som helst i vår region.   Med dette grepet kan kvar krok av Norge få ynglingar av rovdyr.   Med større rovviltregionar vert de også ferre rovviltnemder og mindre lokal styring på kvar ynglingane skal vere.  Dette må ikkje skje!!! sa ein svært tydeleg Ole Bjarne Hovland.

 

Deltakarar på juletrekurs

Juletreprodusentar på marknadskurs

- Det å verte møtt på ein slik måte som vi vart på kurset hos humørbonden var både spanande og utfordrande seier Nina Sofie Gjelsvik frå Bygstad

Optimistprisen

Fokuserer på det positive

- Vi meiner det er viktig å få fram alle positive satsingar i bygda vår og difor deler vi årleg ut pris til ein eller fleire optimistar, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle

Arne Rebni Øvreås, Sigrid Hjørnegård og Anders Felde

Bygger fjøs til 20 mjølkekyr

- Utan Luster kommune si ekstra satsing på landbruket, ville nok vi ha tenkt oss om ein gong til seier Arne Rebni Øvreås som saman med familien byggjer ny lausdriftsfjøs til 20 mjølkekyr.

Kurs i bekjemping av smågnagarar

Kurs i bekjemping av smågnagarar

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel. Sjå kursinformasjon frå Norsk Landbruksrådgiving her.

Leiar i Oppstryn Mathilde Dolern Nesje

Vil halde fram som eige lag

- Eg trur vi klarar å engasjere fleire ved å vere eit lokallag som er nærme bonden, i bygda der han bur seier leiar i Oppstryn Bondelag Mathilde Dolen Nesje

Luster - synfaring naturskade

Grunneigarane kan kjenne seg åleine

- Endringa i lov om erstatning etter naturskade gjer at den einskilde grunneigar står med heile ansvaret for å dokumentere skadene på sin eigedom, seier fylkesleiar Anders Felde

Harald Ålen t.v. og avtroppande leiar Karl andre Gjeldvik t.h.

Harald Ålen ny leiar i Stongfjorden

- Eg har fleire år bak meg i styret og har erfaring frå leiarvervet før så dette kan sikkert gå bra, seier nyvald leiar i Stongfjorden Bondelag Harald Ålen.

No er det nok

-No er det nok

Lisensjakta må framskundast seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Rundballeplast engasjerer i Sogn

- Vi har hatt ei fantastisk god ordning med utplassering av containerar i regi av SIMAS, seier leiar i Hafslo Bondelag Claus Rumohr Moe

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere