- 200 år etter at grunnlova vart skriven er bøndene framleis viktige for landet.  Vår uavhengigheit heng tett saman med at vi tek vare på  evna til å produsere vår eigen mat. I ei tid med klimaendringar og uro i Europa er den tryggaste måten å bygge framtida på å bruke våre eigne ressursar til å produsere mat, seier Gøril Tveiten Lie.

Det er få veker til årets jordbruksforhandlinger er i gang, og i landbruket er spenninga stor til i kva retning den nye regjeringa vil ta næringa.

-Det vil vere bønder i Norge og norsk mat i butikken også etter årets forhandlingar, men dette handlar om noko større. Det handlar om kva landbruk vi skal ha framover og kor mykje av maten vår som skal vere norsk, seier leiar Nils T. Bjørke i Bondelaget.

Denne helga lanserte Norges Bondelag kampanjen ”Norge trenger bonden”. Poenget med kampanjen er å vise særpreget ved det norske landbruket. Eit mangfoldig landbruk bygd på små og mellomstore gardsbruk over heile landet, som produserer trygge råvarer av høg kvalitet. I Sundvolden-erklæringa seier regjeringa at hovudformålet med landbrukspolitikken skal vere ein kostnadseffektiv matproduksjon.

- Målet med kampanjen er å få folk til å støtte opp om det norske landbruket. Vi veit at de aller fleste ønsker matproduksjon i Norge, og at folk er glade i dei råvarene bøndene produserar. I vårt bratte og kalde land er vi avhengig av å utnytte dei få ressursane vi har.  For å få til dette treng vi framleis bønder over heile landet.  For oss er det inga god løysing å etterligne industrijordbruket vi finn andre stader i verda, seier Bjørke.

På nettstaden bondevenn.no kan folk vise si støtte ved å framsnakke bonden via ein framsnakkgenerator, inspirert av landbruksminister Sylvi Listhaug.  Du vil også kunne møte seks utvalte bønder frå alle delene av landet. Til saman representerer bøndene ulike deler av dagens landbruk.

Familien Lie Foto: Arne Veum

 

Som geitebønder inst i Sognefjorden representerer Gøril og Einar mange av bøndene som driv matproduksjon i eit stadvis vanskeleg Vestlandslandskap.

 

- Her kviler små gardar i dei bratte fjellsidene.  - Fjella hindrar oss frå å bli store, men dei gjev oss enorme område der dyra kan hente maten sin sjølv og produsere mjølk og kjøt av høg kvalitet, seier Gøril Tveiten Lie.