FRÅ VENSTRE: Solveig Sperle (Kontormedarbeidar) og Aud Fossøy (Dagleg leiar).

 

- Hovudoppgåva vår er å skaffe kvalifisert arbeidskraft i seks kommunar. Lærdal, Aurland Årdal, Vik Sogndal og Luster.

Det fortel Aud Fossøy, dagleg leiar i Landbrukstenester Sogn SA. Ho fortel at laget har landbruksvikarar, beredskap ved sjukdom, i alle dei seks kommunane.

- Grunna koronaviruset ynskjer me å ha fleire enn dei faste vikarane våre i dei seks kommunane.

 

Tiltak

- Me har sendt ut e-post til bøndene våre med skriv om smittevernstiltak som dei sjølve skal setje i gang om dei blir sjuke av koronavirus.

Fossøy fortel at dersom ein bonde blir smitta og treng hjelp må vedkomende ta kontakt med dei. Vidare er det sendt ut ein e-post til alle avløysarane frå eit effektivt web-system.

- Me har fått fleire positive svar på e-posten, frå folk som ynskjer å stå på beredskapslista vår.

 

Er førebudde

- Tiltaka me har sett i verk gjer oss godt førebudde, seier Fossøy.

Sjølv om folk har meldt seg til å stå på beredskapslista, ynskjer ho at fleire melder seg.

- Ei kan klikke seg inn på våre heimesider og legge inn kontaktopplysningar der. For å kunne stå på lista må vedkomande vera kvalfisert. Erfaring frå landbruket må dokumenterast, held ho fram.

Har de ekstra etterspurnad så langt?

- Nei, det har me ikkje hatt endå avsluttar ho.