STYRET I BREKKE BONDELAG:  Sjur Haugland (leiar), Arve Vergeland, John Gjersvoll, Jan Ovar Kjellby, Bjarne Tynning

 

Tysdag 13. oktober hadde Brekke Bondelag årsmøte på Brekkestrand Fjordhotell.  

Ei av sakene som engasjerte, var lausdriftskravet  som vert innført i 2024. Her var meldinga klar: Det må setjast av ein større pott til investeringsverkemiddel, prosentsatsen for tilskot ved bygging av mjølkefjøs må aukast, og kravet om lausdrift må utsetjast i minst 10 år (ev kuttast heilt ut).

Brekke Bondelag vedtok ein uttale kring lausdriftskravet som vert sendt til Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

Tok opp fleire saker

VAR PÅ ÅRSMØTE: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

 

Vidare vart endringa kring lammetilskotet, som kom i Jordbruksforhandlingane 2015, teke opp.  

I området til Brekke Bondelag, er meir eller mindre alt areal framleis nytta. Om det skal halde fram slik, ynskjer dei ein landbrukspolitikk som sikrar inntektsmoglegheiter for både liten og stor. Då er importvern og marknadsordningane avgjerande. 

Laget prata også om å ha ekstra fokus på medlemsverving utover hausten. 

Styret i Brekke Bondelag tok attval på årsmøte.