16 medlemmer stilte då Viksdalen Bondelag hadde årsmøte sitt. Møte vart opna av leiar Erlend Brede Fossen, han vart også vald til møteleiar.

Deretter vart både årsmeldinga og rekneskapen lagt fram og godkjent.

På møte vart det mellom anna oppmoda om å verve fleire medlemmer. Det vart også prata om konflikten som har vore mellom hund og husdyr i sommar. Laget håpar bondelaget sentralt kan jobbe litt med dette, og at det vert laga felles skilt med info om beitedyr, bandtvang og konsekvensar.

Det vart påpeikt at ved politiske møter og besøk hjå bønder, blei store og nye bruk synt fram. Laget meiner det også burde vore fokus på dei små.  

Elles har dei hatt bra samarbeid med skulen, eit samarbeid dei ynskjer å halde fram med.