4.november hadde  Vikane Bondelag årsmøte sitt, åtte medlemmer stilte.

Leiar Tore Drageset ynskte velkomen, og gjekk gjennom årsmøtesakene. Laget har det siste året mellom anna hatt to plastinnsamlingar og ei skrotinnsamling.

Deretter diskuterte dei blandt anna naturskadeerstatning, og mva-grensa for føretak. Mva- grensa har mykje å bety for fruktdyrkarane, ikkje berre sauebruk. Frukt og bær er ei viktig næring i Vikane.

Elles har Vikane Bondelag mista nokre medlemmer, men samtidig verva nye slik at talet er stabilt. 

Det vart attval på alle styremedlemmer og varafolk.