21. oktober stilte 25 medlemmer på Selje og Stadtlandet Bondelag sitt årsmøte.

Leiar Salvatore Ligia ynskte velkomen. Han vart også vald til møteleiar.

Deretter vart årsmeldinga og rekneskapen lagt fram og godkjent. Årsmeldinga synte både faglege og sosiale aktivitetar som har vorte gjennomført det siste året.

Det har og blitt avvikla møte om gjerdehald med forelesarar frå Jordskifteretten.

Elles vart det diskutert mykje landbrukspolitikk.