Utsendingane til åprsmøtet var Marianne Nordhus, Knut Byrkjenes Hauso, Lars Bø, Asgeir Nøttveit, Peder Nernæs, Kjetil Mehl og Bodhild Fjelltveit. Fylkesleiar Frøydis Haugen og organisasjonssjef Lars Peter Taule deltok også.

Under generaldebatten var fleire av utsendingane på talarstolen. Frøydis Haugen var først ute, og hennar innlegg handla om å drive organisasjonsarbeid i eit politisk spel. Ho snakka også om Stortingsvalet som kjem denne hausten. - Vi må opplyse veljarane om konsekvensen av partia sin landbrukspolitikk. Vår jobb er å opplyse og engasjere veljarane, sa Frøydis.

Knut Byrkjenes Hauso snakka om plantevernforskrifta og avstandskravet for sprøytemiddel der det er ope vatn. Knut viste bilde der ein kunne sjå at smale teigar og 30 meter i avstadskrav gir store ulemper for fruktdyrkinga. Les innlegget til Knut: Plantevernmiddel og avstandsproblematikk til ope vatn. Sjå kart med markering av soner.

Peder Nernæs snakka om veterinærsituasjonen i distrikta. Mange stader er det vanskeleg å rekruttere veterinærar til kommunen. Årsaka er mellom anna lange avstandar, mykje køyring og stor arbeidsbealstning.

Marianne Nordhus snakka om at det er vanskeleg å rekruttere tillitsvalde. Ho oppmoda bønder til å engasjere seg, og du kan lese innlegget til Marianne her. Rekruttering av tillitsvalde.

Asgeir Nøttveit snakka om kompetansekrav for fôring av rotter og mus. Innlegget hans kan du lese her. Rotter og mus.

Under valet vart Frøydis haugen valt til ny 2. nestleiar i Norges Bondelag, og Kjetil Mehl er difor ny leiar i Hordaland Bondelag. Bodhild Fjelltveit vart attvald som første vara til styret i Norges Bondelag.

Ny leiartrio i Norges Bondelag: Frøydis Haugen, Lars Petter Bartnes, Bjørn Gimming

Frøydis Haugen på talarstolen under årsmøtet i Norges Bondelag

Peder Nernæs

Marianne Nordhus