Kjell Einar Ormberg, sauebonde frå Skjolden, underheldt med trekkspel, stev og historieforteljing.

 

Årsmøtet starta med ei fellesøkt. Andreas Wiese, leiar i Luster Bondelag, ynskte velkomen. Vidare underheldt Kjell Einar Ormberg med trekkspel, stev og forteljing. 

Ole-Ivar Åm Sognnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag orienterte om aktuelle saker. Han reflekterte mellom anna over utfordringane knytta til rovdyr. 

Deretter oppsumerte Arne Rebni Øverås beitesessongen i Sogn. 

Jerven har vore i Luster i 20 år, totalt 70 jerv er skote. Kun 7 av desse under ordinær lisensjakt. Erfaringane syner at det er heilt avgjerande å nytte andre metodar for uttak enn lisensfelling. Tapstala for 2016 kan virke låge, men utfordringa er at det ofte er dei same enkeltbøndene som opplever tapa år etter år. Det er også utfordrande å få påvist tapsårsak. Både jerv og ørn har truleg tatt beitedyr utover det som er dokumentert av SNO (statens naturoppsyn). 

Etter mat var det årsmøtesaker i dei respektive laga.

Der tok alle leiarane attval. Det betyr at Andreas Wiese held fram som leiar i Luster Bondelag, Claus Rumohr Moe held fram som leiar i Hafslo Bondelag og at Olav Ugulen held fram som leiar i Indre Hafslo Bondelag.