Årsmøte starta med ei fellesøkt med flott song av Einar Bolstad. 

Deretter var det diskusjonar rundt eigedomsrett, priskontroll og verdifastsetjing av landbrukseigedomar.

Det var og oppe ei sak om gjerdehald mot utmark og korleis ein kan løyse dei problema som vert med færre aktive brukarar. Også gamle gjerde som ligg nede vart nemnd som eit problem.

Etter ei matøkt gjekk laga kvar for seg for å avvikle sjølve årsmøte.

 

Luster Bondelag:

Henny Skildheim blei attvald som leiar. Laget har stor aktivitet, og mykje pengar på bok. Årsmøte vedtok å støtte Sogn Jord-og Hagebruksskule med 10 000,-.

 

 

Hafslo Bondelag:

Claus Ruhmor Moe vart attvald som leiar. Laget var med på traktoraksjonen i Sogndal under brotet i jordbruksforhandlingane, ein aksjon dei var godt nøgde med. 

 

 

Indre Hafslo Bondelag:

Olav Ugulen blei attvald som leiar. Laget vurderer samanslåing med andre lag i kommunen.