GOD STEMNING: På årsmøtet fekk dei frammøtte kake.

 

Kjølsdalen Bondelag er eit aktivt lag, som bidreg i lokalsamfunnet. Dei har mellom anna kjøpt ny hestehengar til utleige, arrangert studiering, motorsagkurs, kurs i varme arbeid og bidrege med dyr på 4H arrangement.

På årsmøtet vart det diskusjon kring lammeoverskotet, plastcontainer og gjerdehald mot utmark. 

Kjell Arne Heggheim tok attval, og held fram som leiar for laget.