Jølster Bondelag hadde årsmøte på Ålhus 23.oktober. Til saman stilte 13 personar.

Møtet vart leia av leiar Geir Støfring.

Nestleiar i fylkesstyret, Marit Flatjord, prata om den politiske situasjonen og utfordringar knytta kring dette. Det vart ikkje nokon stor debatt etter innlegget, men det blei peika på at det burde lagast ei konsekvensutgreiing frå fylkeslaget på kva den føreslegne mva-grensa og beitekravet har å bety for Sogn og Fjordane.

Tine produsentlag v/leiar prata i samband med høyring av nye vedtekter. Jølster Bondelag meiner det er viktig å fylgje med på kva som skjer, slik at det ikkje blir godtatt nye regionar for kvoteleige samstundes som Tine endrar regionane.  

I løpet av møte gjekk leiaren gjennom årsmelding og arbeidsplan.

Vidare synte rekneskapen overskot.

Elles vart leiar Geir Støfring attvald, medan Merete Helgheim og Knut Harald Dvergsdal er nye i styret.