TOK ATTVAL: Heile styret i Hyen Bondelag.

 

På årsmøtet vart ulike problemstillingar rundt landbruksplastordninga diskutert. Mange leverer plasten sortert og bunta. Samtidig er det utfordrande med anna type avfall som ikkje inngår i ordninga, når dette vert levert på hentepunkt.

På møtet var det også ynskje om at Norges Bondelag burde gjere meir i forhold til Nortura, for å finne tiltak mot overproduksjon av lammekjøt. Det vart samtidig vist til tidlegare erfaringar, spesielt innanfor svinekjøt.

Årets statsbudsjett, og spesielt forslaget om skattlegging av investeringsstøtte, vart trekt fram. Sogn og Fjordane Bondelag og Norges Bondelag har gjort ein god jobb for å synleggjere konsekvensane, men informasjon om prognoser, for korleis dette forhåpentlegvis lander, var sakna.

Laget har verva fire nye medlemmer, og hatt tre utmeldingar. Medlemstal pr 19. oktober er 94.

 

Nytt styre: (attval på alle):

Leiar: Elias Eimhjellen

Nestleiar: Jakob Eimhjellen

Kasserar: Eirik Ommedal

Skriva: Elin Karin Hope Aa

Styremedlem:  Torunn Ommedal Aandsad

1. vara: Harald Ommedal