FRÅ VENSTRE: Hans Arne Lundestad, Einar Duvold, Olin Austreim og Nina Engelbrektson.

 

Eit av dei store arrangementet i Gloppen er Matamål. Gloppen Bondelag hjelper til med å rigge opp arrangementet, samt rigge ned. I tillegg er dei med på Torgdagen. Utfordringa til laget er å få nok folk med på dugnaden, og i år måtte dei få hjelp av elevane på idrettslinja på Firda VGS for å klare dette.  

Gloppen Bondelag er eit lag som har verving på agendaen, og i haust svara dei på utfordringa til verveutvalet til Sogn og Fjordane Bondelag. Nils Magne Gjengedal, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, gav dei mykje skryt for denne jobben. 

 

På møte vart det mellom anna diskusjon kring følgjande saker:

 - Kor ein skal levere gamle sprøytemiddel. Kan Sogn og Fjordane Bondelag/Norges Bondelag hjelpe til med å få       til ei returordning med Felleskjøpet Agri?

- Kven skal betale for utgraving, om ein kjem bort i gamle kulturminner? Det blir fort dyrt for den enkelte grunneigar.

- Korleis kan fylkeslaget vere til hjelp, når det gjeld å stå i mot den store sentraliseringa som rammar distrikta? 

- Korleis skal ein redde SFE??

 

Val kunne ikkje gjenomførast, då valnemda ikkje møtte på årsmøte.