Einar Duvold vart attvald som leiar

 

8 personar stilte på årsmøte til Gloppen Bondelag.

Dei vanlege årsmøtesakene vart raskt handsama.

Rekneskapen synte overskot.

I årsmeldinga fekk festivalen Matamål mykje merksemd. Der rigga og rydda Bondelaget telt. I tillegg stilte dei med dyr og halm.

Vidare hadde Marit Flatjord, nestleiar i fylkesstyret ei innleiing.

Etter det, vart beitekravet diskutert. Fleire uttrykte at det er vanskeleg å innfri.

På møte blei det understreka eit moralsk ansvar for å behalde kornproduksjonen i dei områda som er eigna for det.

Elles vart Einar Duvold attvald som leiar. Kristian Gjengedal og Ole Jens Grov er nye i styret.